Om fugler.noRedaksjonenEnglish news

Forsiden
Feltnytt
Har du sett?
Vinterfugl
Småstykker
Identifikasjon
Galleri
Nye bøker
Norgeslisten
Rødlisten

Småstykker

Giardiasmitten i Bergen. Har fuglane skylda?

Av Jon Djupvik jr. | 19. desember 2004

Etter at det vart konstatert at Giardia-smitten i Bergen kom i frå Svartediket har teoriane om korleis parasitten havna i Svartediket vore mange. Toaletta på Ulriken. Hundane som blir lufta i området. Sauane som beiter i området. Turgåarar og joggarar som berre måtte... Til og med måsane har vore i søkelyset. Her er litt informasjon som kanskje kan gjera det litt lettare å skilje mellom fantasifulle forslag og kunnskapsbaserte teoriar.

Giardia intestinalis (= G. lamblia = G. duodenalis) er den arten av Giardia som kan gje sjukdom hos menneske. Denne arten ser ut til å ha sitt hovudreservoar i menneske og ei lang rekke pattedyr (for eks hund, storfe, bever, katt, rotte). I fagmiljø rundt omkring i verda er ein ikkje einige når det gjeld spørsmålet om giardiasis er ein zoonose eller ikkje. Altså om dyr kan overføre Giardia-smitte til menneske eller ikkje. Det kan altså hende at det berre er enkelte genotypar av G. intestinalis som kan gje sjukdom hos menneske og at smitte berre kan overførast frå menneske til menneske. Andre Giardia-arter har muligens sitt hovudreservoar i fuglar (G. psittaci og G. ardeae), men desse artane reknast i dag ikkje som humanpatogene!! Fugl kan vera passive bærarar av G. intestinalis-cyster (festa til fuglekroppen etter bad i G. intestinalis-infisert vatn eller i tarmen etter inntak av G. intestinalis-infisert vatn), men sidan G. intestinalis ikkje kan formeire seg i fugletarmen er det her snakk om ørsmå mengder og med dei lave konsentrasjonane av G. intestinalis-cyster som er funne i norske vatn er sannsynligheten for at ein fugl er passiv bærer av parasitten svært liten.

Smittekjelda til Svartediket blir nok aldri funne, så når ein skal peike ut ein syndebukk her blir den utpeikinga basert på spekulasjonar og meir eller mindre kvalifisert gjetting. Dersom eg med bakgrunn i det eg har klart å spore opp av informasjon skal spekulere, ser eg tre mulige hovudkjelder til G. intestinalis-smitten i Svartediket:


1. Kloakk (avføring frå menneske)
2. Avføring frå pattedyr som ferdast rundt Svartediket (hund, gnagere, sau, katt eller andre)
3. Smitte i avføring frå fuglar eller smitte i form av cyster som fysisk henger fast på fuglar som lander i Svartediket.

Av desse tre kjeldene er alternativ 1 den klart mest sannsynlege og alternativ 3 den klart minst sannsynlege basert på den kunnskapen eg har samla. Å gje fuglane skylda for å spre smitte i form av Salmonella og Campylobacter i norsk drikkevatn kan vera reellt sidan desse bakteriane kan nytta fuglar som vert og oppformeira seg i fugletarmen, men både Salmonella og Campylobacter er heldigvis svært følsomme overfor klor og blir derfor tatt hand om av dei fleste renseanlegg i Norge. Å gje fuglane skylda for Giardia-epidemien i Bergen finnes det derimot ikkje belegg for.

(Giardia er de siste dagene påvist i rikelige mengde i kloakken ved Ulriken. Red. anm.)


Jon Djupvik d.y.
Lindås i Hordaland




Fugler.no - et webmagasin fra NNI © 2002 - 2008